Jakt og fangst



Jakt og fangst har vore viktig for menneskja sin eksistens i Gudbrandsdalen så langt attende som folk har halde til i dette området. Dei eldste dateringane som er gjort i samband med brefunn er frå 5900 år f. Kr. Det går ein utbroten tradisjon frå pil og boge til moderne jaktgevær som er minst 8000 år gamal. Dette representerer eit vidt fagfelt med store variasjonar. Menneskja har til alle tider lagt ned store ressursar i å finne fram til dei mest rasjonelle og effektive måtane å drive jakt og fangst på. Det er viktig å ta vare på denne kulturarven og spreie kunnskap om det slik at folk flest får perspektiv på og kan lære om fortida, for å forstå nåtida.
I byrjinga av 1500-talet kom snapplåsgeværet i bruk. Dette var eit gevær med ei enkel men svært funksjonell mekanisme. Løpet til desse riflene var det som blir kalla kassepiper i dag.Dei hadde vanlegvis kvadratisk tverrsnitt fra bakenden og 20-25 cm framover, og åttekanta løp vidare. I dialektane i Nord Gudbrandsdalen vart mekansimen kalla «sprengjepannlås» og kasseløpa vart kalla «kistpipe».
I eit brev frå kong Christian 4 til lensherre Nils Wind på Bergenhus slott i 1607 går kongen med på at bøndene i skal sleppa å kjøpe fyrlåsgevær og i staden få bruke snapplåsgeværa dei har så er vante med å bruke.Hadde ein treft ein skyttar i reinsfjellet på byrjinga av 1600-talet med gevær ville han truleg sagt om våpenet sitt:«Dæ æ eit snapplåsjevær med spreinjepainnlås og kjistpipe.»



Norsk Våpenhistorisk Selskap er en sammenslutning av personer og institusjoner som interesserer seg for våpen, uniformer og faner.


Medlemmene i NVS har ved flere anledninger stilt ut egne gjenstander og våpen i Forsvarsmuseets lokaler. Dette skjedde sist i forbindelse med Selskapets 60 års jubileum i 2010.